(Go: >> BACK << -|- >> HOME <<)

Hopp til innhald

Satellite

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Satellite»
Song av Lena Meyer-Landrut
frå albumet My Cassette Player

Land Tyskland
Språk Engelsk
Utgjeve 13. mars 2010
Sjanger Pop
Lengd 02:54
Selskap USFO og Universal Music Germany[1]
Komponist Julie Frost, John Gordon
Tekstforfattar Julie Frost, John Gordon
Låtskrivar(ar) Julie Frost og John Gordon
Produsent Brix, Ingo Politz, Bernd Wendlandt og John Gordon

«Satellite» (‘satelitt’) er ein tysk popsong som vann Eurovision Song Contest 2010 for Tyskland. Songen blir framført av Lena Meyer-Landrut og er komponert av Julie Frost og John Gordon. Frost har også skrive den engelske teksten. Låten blei vald av tyske tv-sjåarar under den tyske finalen Unser Star für Oslo 12. mars 2010, og songen blei tilgjengeleg for digital nedlasting dagen etter. «Satellite» debuterte på den tyske singellista som nummer éin og selde til dobbelt platina.[2][3][4] «Satellite» blei etterfølgd av «Taken by a Stranger», framført av Lena Meyer-Landrut, som Tyskland sitt bidrag i 2011.[5]

Unser Star für Oslo

[endre | endre wikiteksten]

Den tyske konkurransen blei laga som eit samarbeid mellom det offentlege tv-selskapet ARD og det private selskapet ProSieben, med komikar og musikkprodusent Stefan Raab som prosjektleiar.[6] Finalen var lagd opp som eit Idol-aktig talentshow, kalla Unser Star für Oslo (‘vår stjerne for Oslo’). Rundt 4 500 personar møtte opp til prøvesynginga, og blant dei var Lena Meyer-Landrut. Ho avanserte raskt i konkurransen og blei straks den store favoritten framfor finalen 12. mars.

I finalen stod Meyer-Landrut og Jennifer Braun igjen i konkurransen. Dei to finalistane framførte tre songar kvar som var spesialskrivne for konkurransen: «Bee», «Satellite» og «Love Me». Gjennom sms-avrøystinga blei Lena Meyer-Landrut kåra til vinnar, mens vinnarsongen blei «Satellite», skriven av USA-amerikanaren Julie Frost og dansken John Gordon. Musikkvideoen for «Satellite» blei laga i løpet av natta etter finalen og blei fyrste gong vist i Tyskland fire dagar seinare.[7]

Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]

Som eit av «de fire store landa» i Eurovision Song Contest var Tyskland direktekvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest 2010 laurdag 29. mai. Fleire veker før konkurransen blei Meyer-Landrut trekt fram som en favoritt saman med Aserbajdsjan. Google rekna også med at Tyskland ville vinne, basert på popularitet i søk blant dei deltakande landa.[8] Aftenposten trekte også fram at ho fekk mest pressemerksemd av alle deltakarane i konkurransen.[9] Dette skuldast nok like mykje den avslappande haldninga til Lena Meyer-Landrut hadde til pressa, ei haldning som har blitt omtala som «kjapp i replikken», «reservert» og «arrogant».[10][11][12]

Under finalen i Telenor Arena var Tyskland det 22. landet ut på scena av 25 deltakarar. I ein enkel, svart kjole framførte Meyer-Landrut songen med fire støttevokalistar og utan særleg koreografi – stikk i strid med Eurovision-tradisjonen.[13]

I avrøystinga forsvara Meyer-Landrut favorittstempelet, og Tyskland vann med 246 poeng. «Satellite» fekk 12 poeng frå blant andre Finland, Danmark, Noreg, Sverige, Slovakia, Sveits og Spania.[14] Dette var den fyrste sigeren til Tyskland sidan 1982, og den fyrste sigeren til Tyskland som eit sameint land.

Sigeren til Meyer-Landrut fekk mykje merksemd i Tyskland, og finalen blei sett av 14,69 millionar sjåarar på tysk fjernsyn – ein marknadsandel på 49,1.[15] Dagen etter finalen landa Meyer-Landrut i Hannover, og ho blei møtt av over 40 000 menneske på flyplassen.[16]

Salssuksess

[endre | endre wikiteksten]

Dagen etter sigeren i tyske Unser Star für Oslo sette Meyer-Landrut listerekord i Tyskland, då alle tre finalebidraga hennar debuterte på topp fem på den tyske singellista.[17] Både «Satellite» og det fyrste albumet hennar, My Cassette Player, debuterte på nummer éin på den tyske singel- og albumlista. «Satellite» har blitt sertifisert med dobbelt platina, og albumet har blitt sertifisert med fem gongar gull etter å ha seld over 500 000 eksemplar.[2][3][4] Vinnarsongen «Satellite» blei liggjande på topp i fem veker, og han gjekk også inn på hitlistene i Austerrike og Sveits.

Etter sigeren i Eurovision Song Contest 2010 gjekk «Satellite» også rett inn på fyrsteplass på norske VG-lista.[18] Utanom dei norske vinnarbidraga «Fairytale» (2009) og «La det swinge» (1985) var dette fyrste gongen på 28 år at ein Eurovision-vinnar toppa VG-lista. Førre gongen var også ein tysk vinnarsong: «Ein bißchen Frieden[19]» frå 1982.[20] «Satellite» gjekk også til topps på singellistene i Sverige, Danmark, Sveits og Finland.

Listeplasseringar og sertifiseringar

[endre | endre wikiteksten]

Listeplasseringar

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2010) Høgaste
plassering
Veker
på lista
Debutdato
Flagget til Austerrike Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[21] 2 24 26. mars 2010
Flagget til Australia Australia (ARIA Charts)[22] 37 1 13. juni 2010
Flagget til Belgia Belgia, Flandern (Ultratop)[23] 4 12 5. juni 2010
Flagget til Belgia Belgia, Vallonia (Ultratop)[24] 6 5 5. juni 2010
Flagget til Danmark Danmark (Tracklisten)[25] 1 10 4. juni 2010
Flagget til Europa Europa (European Hot 100 Singles)[26] 1 2010
Flagget til Finland Finland (Suomen virallinen lista)[27] 1 7 Veke 22 2010
Det irske flagget Irland (Irish Singles Chart)[28] 2 5 3. juni 2010
Flagget til Island Island (Tónlist)[29] 1 Veke 24 2010
Flagget til Luxembourg Luxembourg (Billboard Digital Songs)[30] 1 29. mai 2010
Det nederlandske flagget Nederland (Single Top 100)[31] 5 9 5. juni 2010
Flagget til Noreg Noreg (VG-lista)[32] 1 13 Veke 22 2010
Flagget til Polen Polen (Polsk radiospeling) 5 2010
Flagget til Slovakia Slovakia (Rádio Top 100)[33] 6 30 Veke 23 2010
Flagget til Spania Spania – (PROMUSICAE)[34] 23 2 30. mai 2010
Det britiske flagget Storbritannia (UK Singles Chart)[35] 30 3 12. juni 2010
Flagget til Sveits Sveits (Schweizer Hitparade)[36] 1 24 28. mars 2010
Flagget til Sverige Sverige (Sverigetopplistan)[37] 1 18 28. mai 2010
Det tsjekkisk flagget Tsjekkia (Rádio Top 100)[38] 25 39 Veke 19 2010
Flagget til Tyskland Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[39] 1 41 26. mars 2010
Flagget til Ungarn Ungarn (Rádiós Top 40)[40]      3 18 Veke 22 2010

Sertifiseringar

[endre | endre wikiteksten]
Land Sertifisering
 Tyskland 2 × Platina[41]
 Sverige Gull[42]
 Sveits Platina[43]
  1. «Lena Meyer-Landrut ‎– Satellite». discogs.com. Henta 3. februar 2017. 
  2. 2,0 2,1 «Chartverfolgung: Satellite (single)». musicline.de (på tysk). Arkivert frå originalen 7. september 2007. Henta 22. juli 2012. 
  3. 3,0 3,1 Bundesverband Musikindustrie.«Gold-/Platin-Datenbank (Lena+Meyer+Landrut)» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 6. mai 2010. 
  4. 4,0 4,1 «Chartverfolgung: Lena (longplay)». musicline.de (på tysk). Arkivert frå originalen 14. juni 2010. Henta 22. juli 2012. 
  5. «About Lena». eurovision.tv. Henta 3. februar 2017. 
  6. Fraczek, Jennifer (13. februar 2010). «Wie aus Lena Meyer-Landrut plötzlich ein Star wird». Die Welt. 
  7. Mantel, Uwe (16. mars 2010). «Lenas "Satellite" am Dienstagabend auf fünf Sendern». DWDL.de. 
  8. «Europeans vie for pop dominance at song contest». The Guardian. 29. mai 2010. Henta 22. juli 2012. 
  9. Henriksen, Arve (26. mai 2010). «Fabian bød opp til sangfest». Aftenposten. Henta 22. juli 2012. 
  10. Sedelies, Jan (25. mai 2010). «Lenas Umgang mit den Medien kommt nicht bei allen gut an». Hannoversche Allgemeine Zeitung (på tysk). Arkivert frå originalen 28. mai 2010. Henta 8. juni 2010. 
  11. «Lena ist "zickig und arrogant"». vienna.at (på tysk). 31. mai 2010. Henta 8. juni 2010. 
  12. «Respektlos oder ehrlich? Lenas Auftritt bei Frank Elstner». rp-online.de (på tysk). 12. mai 2011. Henta 22. juli 2012. 
  13. Fricker, Karen (31. mai 2010). «Voters swayed by German singer's fresh and unusual approach». The Irish Times. Henta 22. juli 2012. 
  14. «Eurovision Song Contest 2010 Final – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 2. mars 2010. 
  15. Marcus Klier (30. mai 2010). «Germany: 14.69 million people watched the final». esctoday.com. Henta 3. februar 2017. 
  16. Gäbler og Grimm, Bernd og Imre (31. mai 2010). «Ein Solo für zwei». Zeit Online. 
  17. «Lena Meyer-Landrut schreibt Charts-Geschichte». Der Spiegel (på tysk). 23. mars 2010. Henta 22. juli 2012. 
  18. «VG-lista 'Satellite'». VG Nett. Henta 3. februar 2017. 
  19. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  20. «VG-lista (søkbar database)». VG Nett. 
  21. «Satellite på østerriksk singelliste». austriancharts.at. Henta 2. mars 2017. 
  22. «Satellite på australsk singelliste». australian-charts.com. Henta 2. mars 2017. 
  23. «Satellite på Ultratop Flandern». ultratop.be. Arkivert frå originalen 22. juli 2010. Henta 2. mars 2017. 
  24. «Satellite på Ultratop Wallonia». ultratop.be. Henta 2. mars 2017. 
  25. «Satellite på Tracklisten». danishcharts.com. Arkivert frå originalen 22. juli 2010. Henta 2. mars 2017. 
  26. «Jack Johnson, Eurovision Winner Top Euro Charts». Billboard Charts. Henta 2. mars 2017. 
  27. «Satellite på finsk singelliste». finnishcharts.com. Henta 2. mars 2017. 
  28. «Satellite på irsk singelliste». GfK Chart-Track Ireland. Arkivert frå originalen 17. desember 2014. Henta 2. mars 2017. 
  29. «Netlistinn viku 28, 2010». Tonlist.is. Arkivert frå originalen 22. juli 2011. Henta 2. mars 2017. 
  30. «Luxembourg Digital Songs: May 29, 2010». Billboard. Arkivert frå originalen 17. november 2016. Henta 2. mars 2017. 
  31. «Satellite på nederlandsk singelliste». dutchcharts.nl. Henta 2. mars 2017. 
  32. «'Satellite' på VG-lista». VG Nett. Henta 2. mars 2017. 
  33. «Satellite på slovakisk singelliste». SNS IFPI. Henta 2. mars 2017. 
  34. «Satellite på spansk singelliste». spanishcharts.com. Henta 2. mars 2017. 
  35. «Satellite på britisk singelliste». UK Official Charts. Henta 2. mars 2017. 
  36. «Satellite på sveitsisk singelliste». Hitparade.ch. Henta 2. mars 2017. 
  37. «Satellite på svensk singelliste». swedishcharts.com. Henta 2. mars 2017. 
  38. «'Satellite' på tsjekkisk radioliste». CNS IFPI. Henta 2. mars 2017. 
  39. «Satellite på tysk singelliste (skriv 'Satellite' i søkefeltet)». Offizielle Deutsche Charts. Henta 2. mars 2017. 
  40. «Rádiós Top 40 játszási lista – Satellite». Rádiós Top 40 játszási lista. Henta 2. mars 2017. 
  41. «Bundesverband Musikindustrie: Gold-/Platin-Datenbank» (på tysk). Arkivert frå originalen 12. februar 2012. Henta 27. november 2010. 
  42. «Sverigetopplistan» (på svensk). Henta 27. november 2010. 
  43. «The Official Swiss Charts and Music Community» (på engelsk). Henta 27. november 2010. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]