East New Britain-provinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
East New Britain
provins
Flagg
Land  Papua Ny-Guinea
Hovudstad Kokopo
Kart
East New Britain-provinsen
5°10′00″S 151°45′00″E / 5.1666666666667°S 151.75°E / -5.1666666666667; 151.75
Wikimedia Commons: East New Britain Province

East New Britain er ein provinsPapua Ny-Guinea. Provinsen ligg i Bismarck-øyane og omfattar austdelen av øya New Britain og Duke of York-øyane. Kokopo har vore provinshovudstad sidan 1994, då den tidlegare hovudstaden Rabaul blei råka av eit vulkanutbrot.

Tolaidansarar fotografert rundt 1918.

Det blir tala seksten austronesiske språk i provinsen. Kuanua som blir tala av tolaiarGazelle-halvøya er det mest utbreidde.

Mange av innbyggjarane driv sjølvbergingsjordbruk. Det blir også dyrka kopra og kakao for sal, og turisme er i vekst.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Provinsen er delt inn i fire distrikt:

  • Gazelle
  • Kokopo
  • Pomio
  • Rabaul

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: East New Britain-provinsen