(Go: >> BACK << -|- >> HOME <<)

Hopp til innhald

Beijing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Běijīng
北京
by
Himmelfredsplassen i Beijing.
Land  Folkerepublikken Kina
Høgd 43,5 m
Areal 16 410,54 km²
Folketal 21 893 095 (1. november 2020)[1]
Tidssone UTC +8
Postnummer 100000–102629
Retningsnummer 10
Kart
Beijing
39°54′15″N 116°24′27″E / 39.90403°N 116.407526°E / 39.90403; 116.407526
Wikimedia Commons: Beijing
Frå bysentrum i Beijing i 2018.

Beijing er hovudstaden i Folkerepublikken Kina. Han er òg ein av dei 4 sjølvstyrte kommunane i Kina og inneheld 16 distrikt og 2 fylke.

Beijing har omkring 22 millionar innbyggjarar, og er den andre folkerikaste byen i Kina, etter Shanghai.

I byen ligg fleire verdsarvstader: Den forbodne byen, Himmeltempelet, Sommarpalasset, Minggravene, staden der ein fann leivningane av Peking-mennesket og delar av Den kinesiske muren og Keisarkanalen.[2]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet Beijing (forenkla kinesisk 北京, pinyin Běijīng, Wade–Giles Pei-ching) betyr 'nordleg hovudstad', og blei brukt av Ming-dynastiet frå 1403 for å skilja byen frå Nanjing ('sørleg hovudstad').[3] Namnet blei historisk translitterert som «Peking».[2] Dette byggjer på uttalen av dei to kinesiske skriftteikna i namnet i dei sørlege delane av Kina som europeiske handelsfolk og misjonærar først vitja.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Beijing si historie.

Den første hendinga i Beijing si historie, som synast å vera stadfesta av arkeologiske funn, er datert til 1000-talet fvt., då Zhou-dynastiet erobra Shang-dynastiet[5] (kring 1046 fvt.). Ifølgje historikaren Sima Qian skal kong Wu av Zhou ha tatt makta frå den siste Shang-kongen, i det ellevte året av kong Wu si regjeringstid.[6]

Jin-dynastiet sin hovudstad Zhongdu vart bygd i noverande Beijing.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Det ligg 91 universitet i Beijing.[7] Fleire av dei ligg øvst på rangeringslistene over dei beste universiteta i landet, som Pekinguniversitetet og Tsinghuauniversitetet.

Styresmakter[endre | endre wikiteksten]

Leiaren for lokallaget til Kinas kommunistparti er Cai Qi og borgarmeisteren er Chen Jining (2021).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://beijing.qianlong.com/2021/0520/5805885.shtml.
  2. 2,0 2,1 «Beijing». Store norske leksikon. Henta 26. september 2019. 
  3. Hucker, Charles O. (1958). «Governmental Organization of the Ming Dynasty». Harvard Journal of Asiatic Studies 21: 1–66. JSTOR 2718619. doi:10.2307/2718619. 
  4. Lane Harris (2008). «A 'Lasting Boon to All': A Note on the Postal Romanization of Place Names, 1896–1949». Twentieth Century China 34 (1): 96–109. doi:10.1353/tcc.0.0007. 
  5. Hou 1998: 38
  6. Hou 1998: 38
  7. «Archived copy» 2015年北京市高校名单(共91所). gaokao.com. 22. mai 2015. Arkivert frå originalen 30. november 2016. Henta 29. november 2016. 
Bibliografi
  • Hou, Renzhi (1998). The Works of Hou Renzhi. Beijing: Peking University Press.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Beijing
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.