(Go: >> BACK << -|- >> HOME <<)

Hopp til innhald

Austersjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 16. juli 2010 kl. 09:40 av Bearplay (diskusjon | bidrag) (Dei nemnde tala for saltinnhaldet er i ‰, ikkje %)
Satelittbilde av Austersjøen. (Kjelde: NASA)

Austersjøen, også kalla Det baltiske havet, er eit innhav som inneheld brakkvatn. Sjøen ligg mellom Sverige og Finland i vest, Estland, Latvia, Litauen og Russland i aust og Polen, Tyskland og Danmark i sør. Store øyar er Gotland, Öland, Bornholm, Dagö, Ösel, Åland og Rügen.

Kart over Austersjøen.

Sjøen har ei flatevidd på rundt 400 000 km² og gjennomsnittleg djupne på 60 m. Det djupaste punktet er 459 m, nord for Gotland. Han er forbunde til Kattegat gjennom tre tronge sund — Øresund, Storebælt og Lillebælt. Dette hindre vassutskifting og fører til at innhaldsstoff, som salt og forureiningar, blir fanga. I sentrale delar av sjøen er saltinnhaldet 6–10 ‰. På siste halvdel av 1900-talet opplevde sjøen store utslepp av svovel og nitrogen. Desse næringsstoffa førte til algeblomstring, som igjen førte til oksygenmangel og ein daud havbotn.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Austersjøen