(Go: >> BACK << -|- >> HOME <<)

Hopp til innhald

Nils Christie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 18. april 2011 kl. 14:00 av HallvardLid (diskusjon | bidrag) (fritt ords pris)

Nils Christie fødd 24. februar 1928 er ein norsk professor i kriminologi frå Oslo.

Nils Christie tok magistergraden i sosiologi i 1953, var dosent i kriminologi frå 1959, vart dr.philos. i 1960 og professor i kriminologi i 1966. Han skreiv den sosiologiske avhandlinga si om unge lovbrytarar og korleis samfunnet skil mellom kva som er kriminalitet og ikkje. I mange år var han styrar ved Institutt for kriminologi og strafferett ved Universitetet i Oslo.

Han har skrive ei rekkje bøker og vore ein ivrig deltakar i samfunnsdebatten om kriminalitet, straff og rettsvesen. Fleire av bøkene hans er også omsette til andre språk, som Pinens begrensning (1981), Den gode fiende (1984, saman med Kettil Bruun), Kriminalkontroll som industri. Mot GULAG, vestlig type? (1993) og En passende mengde kriminalitet (2004). Han har vore talsmann for å leggje om narkotikapolitikken, og mellom anna teke til orde for legalisering av cannabis. Sentrale tema i forskinga hans har vore fengsel, konflikt og kriminalitetskontroll.

Nils Christie vart tildelt Fritt Ord-prisen i 2001. I 1996 vart han æresdoktor ved Københavns Universitet.

Han er gift med kriminolog Hedda Giertsen, og har to born.

Kjelde

Bakgrunnsstoff