Evakuerte i Orkland får ikkje flytta heim onsdag morgon
Dei 14 husstandane som blei evakuert etter at ein bekk blei til ei flaumstor elv i Løkken i Orkland, får ikkje flytte heim onsdag morgon.
Ein geolog jobba på staden natt til onsdag for å få oversikt over øydeleggingane. Det vil bli gjort ei ny vurdering utpå dagen.
Tysdag kveld flauma bekken over, og fylkesveg 700, som ligg rett ved fekk store skadar.
Det vil bli gjort ei vurdering på om den kan opne eller ikkje klokka 08 onsdag morgon. Omkøyring er via Storås på fylkesveg 65 og fylkesveg 701.