(Go: >> BACK << -|- >> HOME <<)

Fotografi av Lear og døtrene

Kong Lear delar kongeriket mellom dei tre døtrene sine, av Julia Margaret Cameron (1872). Ektemannen til fotografen er Lear, medan dei tre Lidell-søstrene gestaltar døtrene. Heilt til høgre er Alice Lidell, som også var inspirasjon for Lewis Carrols Alice i Eventyrland.

Av .

King Lear (Kong Lear) er ein tragedie av William Shakespeare, der dårleg dømmekraft, maktkamp og forræderi fører med seg galskap og død. Stykket blir rekna som ein av Shakespeares store tragediar, og tittelrolla som ein av dei mest prestisjetunge for ein eldre skodespelar.

Faktaboks

Uttale
– liə

Kong Lear er basert på forteljingar om den mytiske kongen Leir, som ifølge krønikene til Geoffrey of Monmouth skal ha levd på 700-talet før vår tidsrekning. Det var ei kjend forteljing som hadde vore oppført som skodespel før Shakespeare produserte sin versjon.

Den opphavlege forteljinga har eventyrpreg, men utgåva til Shakespeare kombinerer element frå mange ulike kjelder, og har i kontrast til dei andre versjonane ein ulukkeleg slutt.

Handling og tema

Stykket byrjar med at den gamle kongen erklærer at han vil dele riket sitt i tre og gi ein del til kvar av dei tre døtrene sine: Goneril, som er gift med hertugen av Albany, Regan, som er gift med hertugen av Cornwall, og Cordelia, som er ugift. Dei to eldste døtrene smigrar kongen etter alle kunstar, noko Cordelia nektar å gjere sjølv om ho elskar far sin meir enn dei. Kongen blir rasande på ho, delar i staden kongeriket i to og gir ein del til Goneril og den andre til Regan, medan Cordelia må gå i eksil. Kongen sender også bort den lojale jarlen av Kent fordi han forsvarar den yngste dottera hans.

Kongen forventar å behalde ein privat armé og alle privileger etter å ha abdisert, men dei to utolmodige døtrene respekterer han langt mindre enn dei har gitt uttrykk for. Dei tek frå han fleire og fleire riddarar, vener og tenarar. Han er ein gamal mann med kognitive vanskar, og desse blir verre og verre etter kvart som han kjem under meir press, og etter kvart som angeren over å ha støytt ut Cordelia blir større. Til slutt blir han gal og berre den trufaste Kent (i forkledning) og ein hoffnarr blir med han ut i tilværet som heimlause vandrarar.

I ei berømt scene i øydemarka går Lear og dei andre inn i ein storm, som kongen rasar mot i galskapen: «Blow, winds, and crack your cheeks! rage! blow! / You cataracts and hurricanoes” (akt 3, scene 2). Etter dette møter dei “Poor Tom”, ein stakkars tiggar som blir med dei på vegen. Han skal vise seg å vere enda ein karakter som har havna i eksil og som må skjule identiteten sin.

Jarlen av Gloucester er ein lojal tilhengar av kong Lear. Han har to søner: den gode Edgar og den vonde halvbroren hans, Edmund. Den sistnemnde er fødd utanfor ekteskapet, noko som gjer at Edgar til einearving. Den sjalu og grådige Edmund klarar overtyde far sin gjennom forfalska brev om at Edgar er ein forrædar, noko som gjer at også han blir støytt bort. Etter dette hjelper Edmund Regan og hertugen av Cornwall med å rydde far sin, Gloucester, av vegen. Dei fangar han, stikk ut auga på han, og sender han ut i øydemarka med berre ein tenar til å hjelpe seg.

Edgar, son til Gloucester, må altså kle seg ut som tiggar og kallar seg «Poor Tom». Etter å ha vore saman med den gale kongen møter han så den blinde far sin ute på vandring. Edgar gjer om stemma si slik at faren hans ikkje skal kjenne han att. Når faren seier han vil kaste seg ut frå klippane ved Dover, lover Edgar å følgje han. I ei berømt einetale skildrar deretter Edgar korleis det djupe stupet ser ut, og korleis måsane sirklar rundt der nede over skipa som ligg for anker. Den gamle jarlen veit ikkje at Edgar diktar opp dette synet og kastar seg utfor berre for å lande på nasen der han står. Edgar gjer deretter stemma si vanleg att og vi får ei hjartevarm gjenforeining mellom far og son.

Edgar og Gloucester treffer også kongen igjen. Han har no skifta sinnsstemning frå rasande gal til blomsterplukkande og mild, men like forvirra. Heldigvis kjem Cordelia no attende for å ta seg av han. Ho har gifta seg med kongen av Frankrike som har kome til England med heile den store hæren sin. Etter ein kvil blir kongen seg sjølv igjen og han gjenforeinast som angrande syndar med Cordelia, slik Gloucester gjorde det med Edgar.

Lear, Kent, Cordelia, Edgar og kongen av Frankrike allierer seg for å gå til krig mot den samla hæren til Cordelia, Regan, Albany, Cornwall og Edmund. Men i staden for at vi her får den lukkelege slutten legenda vanlegvis har hatt, blir det slik at Lear og Cordelia tapar krigen og blir tekne til fange av Goneril, Regan og dei andre.

I siste akt skjer det mykje på kort tid. Cornwall er allereie død, medan Albany skiftar side. Goneril og Regan er begge forelska i Edmund og i forsøk på å få han ender dei opp med å drepe kvarandre. Edgar tar livet av Edmund i ein duell. Lear forlèt scena for å finne Cordelia og når han kjem attende ber han liket hennar i armane sine, for ho har blitt hengt i fengselet. Gloucester døyr av sorg, noko kong Lear også gjer kort tid etterpå.

Hovudtemaet i stykket er skaden som kan oppstå når ukloke gamle menn tek dårlege avgjerder. Både Lear og Gloucester er skuldige i å la misoppfatningar, ego og hybris leie seg på villspor, og dette får negative konsekvensar både for dei sjølve, for personar som står dei nær og for heile samfunnet dei er ein del av. Begge to må gjennom traume som lutrar dei og gjer at dei til slutt kan sjå røynda sånn den eigentleg er. Men i Shakespeare sin versjon av legenda er det for seint: avsluttinga er brutalt tragisk, og både Gloucester og Lear blir veldig hardt straffa av skjebnen. Til slutt er Edgar den einaste overlevande av dei sentrale karakterane, og det er uvisst kva som skjer med han – og med England – når stykket er over.

Tekst og kjelder

Som i mange Shakespeare-skodespel er handlinga i Kong Lear henta frå fleire kjelder. Lear (eller «Leir», som var den opphavlege stavemåten) er ein gamal keltisk sagnkonge Shakespeare kan ha lese om i mellomalderhistoria til Geoffrey av Monmouth, men forteljinga om ein konge som skal dele riket sitt mellom tre døtrer finst i tallause versjonar frå 1200-talet og framover, og er som eit eventyr å rekne.

Plottet om Gloucester og sønene hans er ein refleksjon og fordobling av plottet om Lear og døtrene som gir fleire dimensjonar til stykket. I følgje Geoffrey Bullough fann Shakespeare ideen om å inkludere Gloucester, Edgar og Edmund (med nye namn) i Phillip Sidney’s lange dikt Arcadia frå 1590. I tillegg kan ein merke seg at sjølv om handlinga skal gå føre seg åtte hundre år før Shakespeares tid, er stykket fullt av anakronismar, til dømes samtidige adelstitlar og geografiske namn, som hertugen av Cornwall og jarlen av Kent.

Handlinga i stykket minner også om Jobs bok frå Bibelen, men utan at lidingane til Lear og Gloucester fører til noko godt.

Eit stykke kalla The True Chronicle History of King Leir var skrive på 1590-talet og var nok kjend for Shakespeare. Hans eige stykke var skrive rundt 1605 og det blei framført for kongen, James I (norsk: Jakob 1.), første juledag 1606, i det kongelege palasset Whitehall.

Stykket har blitt overlevert i fleire versjonar med mange ulikskapar. Ei utgåve (Q1) kom på trykk i det relativt bilige kvarteformatet i 1607. Utgåva frå 1623 er ein del av den første samlinga av Shakespeare-stykke (F1) og manglar fleire hundre linjer frå Q1 samstundes som den legg til mange nye. Det er stor usemje blant Shakespeare-forskarar om desse utgåvene bør sjåast som to distinkte verk, eller om F1 er ei redigert, retta og forbedra utgåve av Q1 og dermed gir eit betre bilete av intensjonane til Shakespeare.

Mottaking, tolking, tilpassing

Lear i stormen

King Lear Act III scene 4, av Benjamin West (1788).

Kong Lear er ein tragedie som har sjokkert generasjonar av teaterpublikum og kritikarar med sitt brutalt pessimistiske verdssyn. Mange har prøvd å finne ein strime av håp i mørkeret, men konklusjonen er som regel at stykket er fælt og hardt, og det er livet også: det er ingen spesiell grunn til at forferdelege ting skjer – dei berre skjer. Der alle narrative tradisjonar tilseier at stykket skal få ein lukkeleg slutt, får vi i staden vite at Cordelia har døydd, noko som gir oss den mest hjarteskjærande einetalen i verka til Shakespeare, her i Edvard Hoem si omsetjing:

Min stakkars narr er hengd. Å, inkje liv!

Kvifor har hund og hest og rotte liv?

Du pustar ikkje meir? Du er kje meir.

Aldri, aldri, aldri, aldri, aldri.

Trøysta somme tek med seg etter dette er at kongen rett før han andar ut får for seg at Cordelia har kome til live igjen: «Men ser de! Sjå på henne! Lippene! / Sjå der! Sjå der! (Han døyr)».

For det opphavlege publikummet må denne slutten ha kome som ei stygg overrasking, og i ettertida er det mange som har funne den tung å bere. Nahum Tate, ein Irsk London-basert poet og dramatikar, gjorde om handlinga i si utgåve frå 1681, slik at Lear og Gloucester er audmjuka men levande på slutten, i tillegg til at Cordelia og Edgar blir eit par. Denne nette og ryddige avsluttinga er i tråd med dei estetiske preferansane under Restaurasjonen (1660-1688), men det har også politiske dimensjonar. Hjå Shakespeare er det meir vanleg at herskarar mistar kongemakta enn at dei vinn den, men under ein konge (Charles II; norsk Karl 2.) som hadde mista den engelske trona og så vunne den tilbake, var endinga til Tate meir akseptabel.

I 1765 held den røynde litteraturkritikaren Samuel Johnson fram adaptasjonen til Tate som betre og meir logisk enn Shakespeare sin versjon. Cordelia fortener ikkje den grimme skjebnen ho opplever, meiner han, og difor er handlinga i stykket i strid med den ibuande moralske sansen til publikum og lesarar. Romantikarane på 1800-talet, derimot, såg i tragedien eit uttrykk for dei likesæle, utøymande og sublime naturkreftene. Menneska er små og makteslause, seier Coleridge, og menneskelege idear om moral og rettvise er ikkje mykje verd i den store samanhengen.

I nyare tid, spesielt i atomalderen, har det nihilistiske og håplause ved Kong Lear funne klangbotn på ein måte som for mange gjorde stykket til ein større, viktigare og meir tidsriktig tragedie enn det individorienterte Hamlet. Den nådelause pessimismen i stykket held fram med å vere ein provokasjon og lesarar og publikum freistar å gi meining til den på stadig nye måtar.

Som eit av dei store, mykje omdiskuterte Shakespeare-stykka har Kong Lear ein rik historie, på scene og film, i biletkunsten, som motiv i andre tekstar, og i andre kunstformer og sjangrar, skjønt ikkje i like stor grad som til dømes Hamlet eller Romeo og Julie.

Lear i forskjellige medium

Kong Lear har mange visuelt slåande sekvensar, som gjer seg godt på scene og på film, og som ofte går att i kunsten og kulturen. Det finst mange bilete av kongen med vilt hår og skjegg, gjerne rasande i øydemarka mot lyn og torevêr. Eit stort oljemaleri av Benjamin West frå 1788 er blant dei mest kjende, men mange andre kunstnarar måla Lear-bilete på slutten av 1700-talet, til dømes George Romney (1762), Joshua Reynolds (1760) og John Runicman (1767). Lear er også ein av mange Shakespeare-karakterar som har blitt portretterte av fotografikunstnaren Julia Margaret Cameron, så tidleg som i 1872.

1700-talets mest berømte tolkar av Shakespeare-roller var David Garrick, som byrja å spele kongen alt då han var i 20-åra, i adaptasjonen til Tate, og seinare i utgåver med meir materiale frå Shakespeare. Etter han har dei fleste kjende teaterskodespelarar (og ein del filmstjerner) spela Lear, blant andre John Gielgud, Brian Cox, Michael Gambon, Ian McKellen og Glenda Jackson. I Noreg har skodespelarar som Egil Eide og Espen Skjønberg opptredd i rolla.

To filmutgåver er spesielt viktige, ingen av dei med engelsk tekst. Grigorij Kozintsevs Kong Lear (Sovjet ,1971) nyttar omsetjinga til Boris Pasternak frå 1919, medan filmmusikken er komponert av Dmitrij Sjostakovitsj. Akira Kurosawas Ran (Japan, 1985) blandar inn handling frå Japansk folklore: den aldrande krigsherren Ichimonji har for eksempel tre søner i staden for tre døtrer. Begge filmane er rekna som sentrale i filmhistoria.

Stykket har også blitt gitt ut som grafisk roman (til dømes Ian Pollock, 1984) og manga (ILYA, 2009).

Omsetjingar til norsk

Kong Lear har blitt omsett til norsk fleire gonger:

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Geoffrey Bullough, Narrative and Dramatic Sources of Shakespeare. Vol.7. Routledge, 1973.
  • R.A. Foakes, (red). King Lear, av William Shakespeare. Methuen-Arden, 1997.
  • Emma Smith. This is Shakespeare. Pelican, 2019.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg