Kolibriar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kolibriar
Talassinkolibri (Colibri thalassinus)
Talassinkolibri
(Colibri thalassinus)
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Vigors, 1825

Kolibriar er fuglar i familien Trochilidae, ein biologisk familie endemisk for Amerika. Dette er ca. 360 artar av særs små og fargeglinsande, nektaretande fuglar som kan sveve, 'stille', i lufta med 15 til 80 vengeslag i sekundet. Dei kan tilmed som dei einaste fuglar i verda flyge baklengs. Kolibriar, seglarar og treseglarar utgjer til saman ordenen Apodiformes. Ordet 'kolibri' kjem frå språket taíno gjennom spansk, 'colibrí'.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kolibriar er små fuglar, mange med langt tynt nebb. Saman med det lange nebbet er den utvida og splitta tunga eit reiskap for å hente opp nektar djupt nede i blomstrar. Dei er òg tilpassa insektdiett, dei kan bøye ned underkjeven av nebbet for å skape ei breiare nebbopning slik at dei kan ta insekt rett i munnen i staden for med nebbspissen.

Verdas minste fugl er bikolibri (Mellisuga helenae). Han veg 1,8 g og er ca. 5 cm lang. Ein typisk nordamerikansk kolibri, for eksempel raudkolibri (Selasphorus rufus), veg ca 3 g og har en lengd på 10-12 cm. Den største kolibri er kjempekolibri (Patagona gigas), som kan vege så mykje som 24 g og måler 21,5 cm.

Dei fleste artane viser iaugefallande kjønnsdimorfisme, med hannar i skinande klåre farger og hoene i kamuflerande farger. Begge kjønn har iriserande fjørdrakt hos dei fleste artar, med grønt som den mest vanlege dominerande farga. Sterkt endra strukturar i visse fjør skaper intens metallisk irisens, vanlegvis konsentrert på hovudet og på bryst.

Diett[endre | endre wikiteksten]

Hovudføda for kolibriar er nektar frå plantar. Fuglane er vektige pollinatorar, særleg for djupe, røyrforma blomstrar. Akkurat som bier kan kolibriar vurdere sukkerinnhaldet i nektaren, og dei forkastar blomstrar med nektar som held mindre enn 12 % sukker. Favorittar er blomster med nektar på om lag 25 % sukker. Nektar har låg næringsverd, så kolibriar må imøtekomme trongen til protein, aminosyrer, vitamin og mineral ved å jakte på insekt og kongroer, særleg som fôr til ungar.

Dei fleste kolibriar har lange og rette eller neste rette nebb, men somme spesialiserte artar har nebb med ei form som er tilpassa einskilde blomsterartar.

Nålkolibriar (Chalcostigma) har korte, skarpe nebb tilpassa hausting av nektar frå blomster med kort blomsterkrone. Dei stikk hòl gjennom blomsterbotnen på dei større kroner kor nebbet er for kort til å komme til gjennom blomsteropninga. Sigderemittar (Eutoxeres) har ekstremt kurva nebb som er tilpassa hausting av nektar frå boga blomsterkroner i fagerblomstfamilien. Knaggnebbkolibri har eit oppbøygd nebb som hos avosettar. Hannar hos heklenebbkolibri har ein barrakuda-liknande pigg ytst på det lange tynne nebbet.

Dei to halvleikane av nebbet til kolibriar har eit utprega overlapp slik at underdelen (underkjeven) passar inn i overdelen. Når fuglen tar opp nektar, opnar han vanlegvis nebbet berre litt slik han kan dra tunga inn og ut av det indre av blomsteren. Spesialisering av tunga, anten med riller eller med røyrforming hjelper fuglen å få opp nektaren.

Kolibriar har mange små måltid. Flyging er særs energikrevjande, så berre ca. 10 til 15 % av tida går med til eting, elles sit dei rolege. Men på den tida dei er aktive kan dei kan ete opptil fem gongar si eiga kroppsvekt kvart døgn.

Samevolusjon med blomsterartar[endre | endre wikiteksten]

Kolibriar er spesialiserte nektaretarar(Stiles, 1981) og er knytt til blomstrar som treng fuglepollinering. Somme kolibriartar, spesielt dei med uvanleg nebbutformingar som sverdkolibri og sigdnebba, har samevolusjon med eit lite tal blomsterartar.

Mange plantar som vert pollinerte av kolibriar produserer blomstrar i nyanser av raudt, oransje og lys rosa, men fuglane vil ta nektar frå blomstrar i andre farger. Kolibriar kan sjå bølgjelengdene i nær ultrafiolett, blomstrane her reflekterer ikkje desse bølgjelengdene slik som andre insektpollinerte blomstrar gjer. Det tronge fargespekter gjer at kolibripollinerte blomstrar vert lite interessante for insekt, og dermed lite eksponert for hausting frå insekt.

Kolibripollinerte blomstrar produserer dessutan ein relativt svak nektar med gjennomsnittleg 25 % sukker og med høge konsentrasjonar av sukrose. Insekt føretrekkjer sterkare nektar dominert av fruktose og glukose.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Kolibrislekter i taksonomisk rekkjefølgje viser eit oversyn av biologiske slekter av kolibriar, delt inn etter underfamiliar.

For oversyn over artar i taksonomisk rekkjefølgje, sjå artiklar om underfamiliar:[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hummingbirdsociety.org forklarer kva ein 'colibrí' er
  • Referansar[endre | endre wikiteksten]

    1. Del Hoyo, J.; N. J., Collar, BirdLife International, red. (2014). HBW and BirdLife International illustrated checklist of the birds of the world. Band 1. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 9788496553941. 

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]